Skip to the content
}

– Ein eksplosjon av ny litteratur

Publiseringsdato:

12.10.2019

Perspektiva til fleirtalet, som blei brutalt undertrykt av apartheid-regimet, har no blitt normen i den nye sørafrikanske litteraturen, i følgje professor Njabulo Ndebele.

Til LittfestBergen i 2020 kjem professor Njabulo Ndebele, som har vore rektor ved fleire sørafrikanske universitet, og er styreleiar i Nelson Mandela Foundation. I tillegg er han skjønnlitterær forfattar. Av nobelprisvinnaren Nadine Gordimer har romanen The Cry of Winnie Mandela blitt skildra som ekstraordinær. Ndebele sjølv er mest oppteken av «det vanlege» i litteraturen:

– På 80-talet var det ein pågåande debatt om kunsten burde brukast som middel i kampen mot apartheid. Ditt innlegg i debatten var eit essay der du oppfordra til å skrive om kvardagslivet til svarte sørafrikanarar. Korleis har den litterære offentligheita i Sør-Afrika endra seg sidan du skreiv dette?

– Sidan eg skreiv essayet har den nasjonale konteksten for ny litteratur i Sør-Afrika definitivt endra seg til det betre. Det er nesten ein eksplosjon av ny litteratur! Eg trur dette kjem av at fleirtalet, som tidlegare var undertrykt, i større grad utgjer ein synleg norm i dagens offentlege liv i Sør-Afrika. Tidlegare var norma til dette fleirtalet offisielt, og brutalt, plassert ute av syne, grunna den overveldande valdelege dominansen til apartheid-staten.

I dag er denne norma den nasjonale konteksten der «det vanlege» spelar seg ut. Dette «vanlege» handlar om korleis sørafrikanarar, uavhengig av bakgrunnen dei har, på ulike måtar forheld seg til å vere sørafrikansk i eit nytt land. Kunstnarar innan ulike sjangrar - litteratur, dans, drama, film – kan uttrykke ei transformerande «vanlegheit», noko som er oppløftande.

– I boka The Cry of Winnie Mandela skriv du om dei ventande kvinnene, alle kvinnene som grunna segregasjonspolitikken og diskrimineringa var avgrensa til heimen, medan ektemennene deira var vekke - på arbeid, i fengsel, i eksil. Kvifor skrive om desse kvinnene? Og korleis byrja du, som mann, å interessere deg for dette?

– Ventande kvinner har vore eit dominerande trekk i det sosiale livet i Sør Afrika i over eit hundreår. Eg vart engasjert i dette fenomenet først og fremst fordi Winnie Mandela var den mest synlege manifestasjonen av ei ventande kvinne. Eg utvikla ei djup og intuitiv forståing for situasjonen hennar, ikkje som mann, men som forfattar. Det var gjennom skrivekunsten at eg fekk tak på den intuisjonen eg hadde.

– Vi fann ein kritikk av forfattarskapet ditt – og det er at du burde skrive meir skjønnlitteratur! Det har gått altfor lang tid sidan The Cry of Winnie Mandela, når kan vi forvente ein ny roman frå di hand?

– Den endelege forma som The Cry of Winnie Mandela fekk var uføreseieleg. Eg kunne ikkje føreseie kva det skulle bli då eg starta å skrive på boka. Etter at den blei publisert har eg stort seg ytra meg offentleg gjennom essayforma. Nokre av dei essaya blei publiserte i samlinga Fine Lines from the Box.

Valet mitt av form har blitt til mens eg skriv, heller enn å vere bestemt på førehand. Eg har arbeidd i fleire år no på ei bok som eg trur ingen forventar frå meg, om boksing i Eastern Cape! Det ser ut til at eg arbeider betre med kreativitet i sjølve prosessen, enn med ei førehandsbestemt litterær form.

Del Innhald