Skip to the content
}

– Det som har skjedd hos oss, skjer no overalt

Jacques Sassier © Editions Gallimard

Frå den franske øya Martinique i Det karibiske hav, har Patrick Chamoiseau skapt verdslitteratur - og omgrepet ”kreolitet”. Det får vi alle bruk for i åra som kjem, meiner han.

Patrick Chamoiseau (f. 1953) er ein franskspråkleg forfattar frå Martinique. I 1989 ga han saman med to andre forfattarar ut eit manifest som blei startpunktet for créolité-rørsla, ei feiring av mangfaldet og styrken i fransk-karibisk kultur. I 1992 fekk romanen hans Texaco Prix Goncourt, Frankrike sin mest prestisjefulle litteraturpris, og Chamoiseau er framleis rekna som ein av samtida sine mest innovative og kraftfulle franskspråklege forfattarar. 

– Sidan debuten har du skrive eit imponerande antall bøker i fleire sjangrar. Kva var det som leia deg til litteraturen i utgangspunktet?

– Det som fekk meg til å begynne å skrive, var gleda eg opplevde når eg las enkelte bøker, og beundringa det vekte for forfattarane. Eg trur det er ein naturleg og nærast uovervinneleg kontinuitet mellom det å lese og ønsket om å skrive.

– Og mellom alle dei bøkene ein les av ønske og lyst, er det nokre som skil seg ut og som endrar eins sensibilitet på grunnleggjande vis. I kvar og ein av oss si bokhylle, utgjer desse det eg kallar eit ”sentimentek”(av det franske ordet for følelse - ”sentiment”), altså eit konsentrat av glede, kjensler, entusiasme og kunstnariske og intellektuelle stimuli. ”Sentimenteket” er sola i forfattarens skrift.

­– For nokre år sidan var du med på lage eit ”kreolitetens manifest” – eit omgrep som framleis er lite kjent i Noreg. Kva er eigentleg ”kreolitet”?

– Etter at Kristoffer Colombus sette fot i Amerika fanst det ikkje lenger noko terra incognita. Med slavehandelen og koloniseringa møttest etter kvart nesten alle folk, kulturar og sivilisasjonar på dei amerikanske kontinenta – men det var møte som skjedde i form av sjokk, vald og folkemord.

– Denne blandinga av kulturar, sivilisasjonar og individ i eksil er det vi kallar kreolisering. Dette fenomenet gjeld alle land rundt det Karibiske hav, og på dei ulike øyene og landa har det fått forskjellige uttrykk som vi kallar ”kreolitetar”. Det finst ein kubansk kreolitet som ikkje liknar den ein finn på Martinique eller i Brasil. I den globaliserte verda vi lever i i dag, angår dette fenomenet alle kulturar og alle sivilisasjonar: Den avgjerande dynamikken i verda i dag er nettopp ein massiv og aukande kontakt mellom sivilisasjonar, folk, individ og kulturar. Det som har skjedd hjå oss, er på ein måte det som skjer overalt i dag. 

– Frankrike har ein lang historie knytta til kolonialismen og slavehandelen, som óg er eit av temaa du skriv om. Korleis kjem denne historia til uttrykk i den franske samtidslitteraturen?

– Frankrike har framleis vanskar med å erkjenne si eiga fortid med slavehandel og kolonisering. Sjølv om temaet dukkar opp no og da i litteraturen, er det fortsatt mykje som gjenstår på denne fronten. 

Del Innhald