Skip to the content
}

Diana Darke

Nela Pecher

Diana Darke (f. 1956, Storbritannia) er forfattar og journalist, best kjend som ekspert på Midtausten. 

Etter å ha studert ved University of Oxford arbeidde ho som arabisk-konsulent for den britiske regjeringa. I 2005 kjøpte ho eit hus i gamlebyen i Damaskus som for tida husar internt fordrevne syriske flyktningar. Boka hennar, Huset i Damaskus. En fortelling om Syria, blei først publisert i 2014, men har kome ut i oppdaterte og utvida utgåver sidan då, og på norsk i 2020. I 2020 kjem også hennar nyaste bok, Stealing from the Saracens: How Islamic Architecture shaped Europe.

Ho er forfattar av 16 guidebøker til ei rekke ulike land, inkludert Syria, Oman og Jordan, og har dekka hendingar i regionen for BBC. I seinare tid har tekstar av henne stått på trykk i ulike internasjonale aviser, som Guardian, Daily Telegraph og Sunday Times. 

I felt I had travelled deep into it's heart when I finished her remarkable book.

Tina Brown om Huset i Damaskus. En fortelling om Syria
Del Innhald