Festivalprogrammet 2023 er klart!

100 forfattarar frå 20 land møtest når LitFestBergen blir arrangert for femte gong.
Raseri kan avle vald, men det kan òg vere ein kreativ, litterær kraft. Meir enn 100 forfattarar med fleire ulike morsmål, religionar og kulturar møtest under den femte utgåva av Bergen internasjonale litteraturfestival 8.–12. februar 2023 under temaet raseri. Vi undersøker raseriet frå ein litterær, kunstnarisk og vitskapleg ståstad.
Klikk her for å sjå heile programmet
Av norske namn kan vi nemne Per Petterson, Matias Faldbakken, Monica Isakstuen, Kathrine Nedrejord, Øyvind Rimbereid, Brynjulf Jung Tjønn, Kjartan Hatløy, Ingeborg Senneset, Alfred Fidjestøl, Anne Bitsch, Thomas Seltzer.
Raseri og opprør
Vi ser på krigen i Ukraina frå to naboland. Frå Moldova kjem Tatiana Tibuleac og frå Belarus, Valzhyna Mort.
Rastafaripoeten, forelesaren og radioverten Mutabaruka frå Jamaica vil snakke om raseriet som kreativ kraft.
Vi vil sjå på korleis raseriet kan føre til val av forskingsfelt. Amerikanske Nimmi Gowinrathan skriv om kvinnelege geriljakrigarar. Ho møter den etiopiske romanforfattaren Maaza Mengiste til samtale, leia av Cecilie Hellestveit.
For å diskutere litteratur og fridom i Midtausten kjem Mai Al-Nakib frå Kuwait, Ece Temelkuran frå Tyrkia og Asieh Amini frå Iran/Noreg.
Den britiske historikaren Alex von Tunzelmann diskuterer statuars vekst og fall med Michelle Tisdel frå Nasjonalbiblioteket.
Jonas Bals diskuterer norsk streikehistorie med Mímir Kristjánsson.
I Verda på laurdag diskuterer Tarjei Skirbekk, Mah-Rukh Ali og Halvor Tjønn om verda er lei av demokrati. Kjersti Løken Stavrum leiar samtalen.
Raseri og fengsel
LitFestBergen har i samarbeid med Bjørgvin og Bergen fengsel eit prosjekt der innsette skrive eigne tekstar om raseri. Vi presenterer nokre av desse.
Raseri og poesi
Vi har det største poesiprogrammet nokon gong på festivalen, heile 10 poetar møtest til Poetisk punkgalla, vi spør Kva er poesi? med mellom andre den britiske poeten Alice Oswald.
Raseri og fotball
Det er ikkje tvil om at fotball vekker raseri på fleire måtar, og festivalen vil dykke ned i kampen mellom Manchester og Liverpool i ein samtale med britiske sportsjournalistar leia av Øyvind Alsaker, samt i dei større spørsmåla om korrupsjon, menneskehandel, makt og avmakt med mellom andre Nils Henrik Smith.
Raseri og musikk
Vi skal sjå på raseriet i musikken med Thomas Seltzer (som òg skal snakke om Amerika), vi skal oppleve det motsette av aggresjon med poet Kjartan Hatløy og musikar Arve Henriksen.
Bergensk raseri
Lars Fr. Svendsen foredrar om kva raseri er. Vi erstattar kritisk kvartett med kolerisk kvartett. Og vi spør: Finst eit eige, bergensk raseri? Debatt med Morten Hammerborg, Alfred Fidjestøl og Preben Jordal.
BT-abonnent
Som abonnent på Bergens Tidende får du 25 prosent rabatt på festivalbillettar. Dette gjeld også festivalpass. Merk at vi berre har eit avgrensa tal festivalpass til sals, så ver rask viss du vil ha tilgang til nesten 80 programpostar. Kjøp festivalpass her.
BT fordel-pris får du som val når du kjøper billettar hjå ticketco.