
Dato: 11.02.2021
Tid: 09.00 - 09.45
Stad: Auditoriet
Ei dagbok frå naturen
I Diary of a Young Naturalist fortel seksten år gamle Dara McAnulty om livet sitt, om å vere autist og relasjonen sin til naturen. McAnulty har engasjert seg i miljøkampen, mellom anna med bloggen sin som har svært mange følgjarar, og er blitt samanlikna med Greta Thunberg. Kva skal vi sjå etter i naturen? Korleis skal vi ta vare på den? Og kva er viktig i kampen mot forureining og klimaendringar? Forfattaren blir intervjua av elevar.
Dette arrangementet vil vere på engelsk.
Aktuell bok: Dairy of a Young Naturalist (Milkweed editions, 2020).
Samtalen blir òg halde i Olav H. Hauge klokka 10:00.
Lukka arrangement for skular (blir òg strøyma)