Skip to the content
}

Vi lagar mini-festival!

LitFestBergen presenterer Litt LitFest – ein minifestival med utsette programpostar frå februar. Festivalen blir arrangert helga 22.–23. oktober på Litteraturhuset i Bergen. Det er gledeleg at vi no også har enda fleire billettar ute for sal!

Fysiske møte

Gjennom to dagar inviterer vi til samtalar, debattar og framsyningar av ulike slag. Cecilie Løveid, Maria Navarro Skaranger, Yohan Shanmugaratnam, Odd Eirik Sætre Færevåg, Olaug Nilssen og Tore Renberg er blant forfattarane som kjem.

Tore Renberg vil også leie ein samtale mellom Ingunn Økland, Sandra Lillebø og Eirik Vassenden som skal svare på spørsmålet «Kva er ein roman?».

Det vil også bli høve til å høre Susanna si framsyning «Baudelaire og piano» med eit tilhørande klassikarforedrag om Baudelaires Les Fleurs du Mal av professor Per Buvik. Publikum kan også glede seg over vår faste post, Poetisk punkgalla, med poetane Karoline Brændjord, Henning Bergsvåg, Pedro Carmona-Alvarez, Fatemeh Ekthesari, Mary Ailonieida Sombán Mary og Steinar Opstad.

Digitale møte

I tillegg til fysiske samtalar og møter, vil festivalen også vise utvalde opptak frå LitFestBergen 2021. Dette inkluderer vår internasjonale storsatsing Literature Live Around the World. I tillegg blir det gjensyn med «Kvardag og Mystikk» med Karl Ove Knausgård og Claire Armitstead, «Pandemien, mennesket og litteraturen» med Thomas Hylland Eriksen, Dag O. Hessen, Eirik Vassenden og Hilde Sandvik og «Den eldste guten i Bergen by» med Sondre Lerche og Pedro Carmona-Alvarez.

 

Del Innhald