Skip to the content
}

LitFestBergen vil få ungdom til å lese

LitFestBergen ønsker å bidra til at ungdom oppdagar den fantastiske rikdommen som finst i litteraturen.

Årets program i LitFestUng byr på alt frå eit djupdykk i konseptet ekstremisme til fantastiske fortellingar om naturen.

– I ei tid der raske skifte dominerer både i tekst og bilete, vil vi vere med på å oppmuntre til innsikt og refleksjon gjennom litteraturen og bøkene. Om vi klarer å treffe det dei unge sjølve er opptatt av, kan vi bidra til å auke interessa for samfunnet og verda, men òg den generelle interessa for å lese bøker, seier festivalsjef Teresa Grøtan.

Dei nye tverrfaglege temaa frå Utdanningsdirektoratet dannar utgangspunkt for årets program: folkehelse og livsmeistring, demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling. Programmet delt inn i tre bolkar: onsdag er fokuset på rasisme og identitet, torsdag på natur og klima og fredag er det retta mot ytringsfridom og polarisering.

Birgit Ekern er lærar i Nordahl Grieg Vidaregåande skule og skal ta med elevane sine på årets LitFestUng.

– Å lese litteratur er ein viktig del av norskfaget, og noko vi bruker mykje tid på. Andre verdskrig er eit tema i historiefaget som engasjerer elevane, og det relativt nye fokuset på jødeforfølginga i Noreg har interessert både elevane og meg. For meg som lærar er det difor svært kjekt å få ta med elevane på ungdomsprogrammet til litteraturfestivalen for å møte forfattaren Simon Stranger. Klassa har lest Leksikon om lys og mørke, ei bok som har engasjert elevane og fått dei til å stille seg mange gode spørsmål. Vi gler oss til forfatterintervju og litteraturfestival!

Programmet i LitFestUng famnar vidt. Blant anna vil den amerikanske forfattaren Jason Reynolds snakke om Black Lives Matter-rørsla og rasisme i USA. Fatemeh Ekhtesari frå Iran snakkar om å leve i eit valdeleg og undertrykkjande regime, medan Simon Stranger tar opp temaet menneskeleg vondskap. Kathrine Nedrejords nye ungdomsroman handlar om ein samisk gut som mot sin vilje blir tvinga inn i det norske samfunnet, og biolog Dag O. Hessen vil fortelje om at det finst håp for klimaet på jorda.

Forfattarane blir intervjua av elevar, og arrangementa blir strøymde direkte til klasserom med klassar som ikkje får plass på grunn av avgrensa kapasitet på Litteraturhuset.

Del Innhald