Skip to the content
}

LitFestBergen lagar digital festival

Svein-Magne Tunli

Grunna dei forsterka smitteverntiltaka som blei gjort gjeldande for Bergensregionen frå 7. februar til og med 14. februar, vil LitFestBergen avlyse alle fysiske arrangement.

Dei fleste programpostane blir likevel gjennomført digitalt. Vi vil òg utsette nokre av programpostane til ein eller fleire minifestivalar til hausten.

Programmet vil bli oppdatert i løpet av mandag 8. februar.

Strøymebillettar til kr. 40 vil bli tilgjengelege på ticketco.no.

Ein del programpostar blir vist gratis på YouTube.

Alle billettkjøp til fysiske arrangement vil bli refundert.

Del Innhald