Skip to the content
}

LitFestBergen gjennomfører festival

Publiseringsdato:

20.01.2021

Bergen internasjonale litteraturfestival vil bli arrangert som planlagt 10.–14. februar 2021, skalert i samsvar med gjeldande regelverk for smittevern.

Dette betyr at maksimalt tal på publikum i fastmonterte seter vil vere 50. Det vil òg vere nokre arrangement med maksimalt publikumstal på 10 (kan bli oppjustert).

LitFestBergen går føre seg på Litteraturhuset i Bergen, som snart har eitt års erfaring med gjennomføring av arrangement under strenge restriksjonar. Publikum vil bli slusa inn og ut av Litteraturhuset gjennom ulike dører. Publikum må òg bruke munnbind når dei går mellom arrangementa. Vertane, som rettleiar publikum gjennom huset, og passar på at reglane for smittevern blir følgt, vil sjølve bruke munnbind. Det vil vere god tid mellom programpostane, og salane vil bli desinfisert etter kvar programpost. Forfattarar som deltar blir oppmoda om å ta test for Covid-19.

Festivalen inviterer bergensarar til å vere til stades og møte dei mange fantastiske festivalforfattarane, mens alle andre, i både inn- og utland, kan oppleve dei fleste programpostane enten gratis på festivalens YouTube-kanal eller til ein låg billettpris. Litteraturhuset har oppgradert det tekniske utstyret, og lagar produksjonar av høg kvalitet.

Eit svar på utfordringa med pandemien er arrangementet Literature Around the World. LitFestBergen har invitert festivalar og litteraturhus frå heile verda til å lage litterære program på eigne scener med utvalde forfattarar og kunstnarar. Sendinga, som blir leia av Mona B. Riise og Siss Vik, blir vist direkte på YouTube frå klokka tolv til midnatt den 12. februar. Det er òg mogleg å vere til stades som publikum i salen. Tomas Espedal, Kathrine Nedrejord, Sara Marielle Gaup og Karl Ove Knausgård vil representere Bergen, og Noreg, i den første timen av sendinga.

Festivalen elles er fylt med profilerte skjønnlitterære forfattarar som Monika Fagerholm, Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug, Steinar OpstadSimon Stranger og Tore Renberg. Sistnemnde vil òg leie debatten som skal svare på spørsmålet det litterære Noreg har debattert dei siste åra: «Kva er ein roman?».

Til debatt, samtale og føredrag kjem sakprosaforfattarar som Anne Sverdrup-Thygeson, Thomas Hylland Eriksen, Marte Michelet,Yohan Shanmugaratnam og Dag O. Hessen.

Ei anna satsing for festivalen er ungdomsprogrammet LitFest UNG. Gjennom tre dagar vil elevar få møte og sjølve intervjue forfattarar innan tema som identitet og rasisme, klima og miljø, og ytringsfridom og polarisering.

Konsert blir det òg. Komponist og musikar Susanna tolkar Charles Baudelaires dikt frå Det vondes blomar i framsyninga «Baudelaire & Piano». Og som avslutning kjem ei premiere: «I am Dog», ei framsyning i tekst, lyd og bilde av Alwynne Pritchard og Domizia Tosatto.

 

Del Innhald