Skip to the content
}

LitFestBergen 2022

LitFestBergen 2022 blir arrangert 9.–13. februar, men vi startar allereie 5. februar med ei ny runde Literature Live Around the World. Det blir nye land, nye festivalar, men vi skal innom alle kontinent, og denne gongen med publikum i salane, sånn at det blir ei unik global live-oppleving. 

Som tidlegare år vi vi ha eit særskilt program for elevar i ungdomsskular og vidaregåande skular. Skuleprogrammet blir arrangert frå 8. til 10. februar.

Tema for neste års festival er "støv". Vi ser for oss alt frå stjernestøv og kosmisk innsikt, sandstøv og klimaproblematikk, til aske og døden sjølv. Det vert samtalar, debattar, føredrag, opplesingar og konsert. Det blir skjønnlitteratur og sakprosa, norske og internasjonale forfattarar.

Programmet blir lansert 12. januar, men vi vil publisere enkelte forfattarnamn utover hausten.

Festivalpass kan du allereie no kjøpe hos ticketco.no, for kr. 1300. Etter 24. desember blir prisen kr. 1500.

Del Innhald