Skip to the content
}

Korleis lage festival i pandemitid

Eivind Senneset

Bergen internasjonale litteraturfestival blei avvikla for tredje gong 10–14. februar 2021. Festivalsjef Teresa Grøtan oppsummerer årets LitFestBergen.

Alt var klart for å avvikle festival, rett nok med grenser for talet på publikum og berre noregsbaserte forfattarar, men med publikum og forfattarar fysisk til stades på Litteraturhuset. Tre dagar før opningsdagen kom beskjeden om full nedstenging. Kva tenkte du då?

– Eg trur eg har fortrengt det. Eg kan ikkje hugse kva eg tenkte, eller at eg tenkte. Eg trur eg kopla ut hovudhjernen og let reptilhjernen styre: Angrip! M.a.o.: Brett opp ermene og køyr på.

– Vi hadde alt laga ei oversikt med tre nivå for kvar av programpostane utifrå kva vi ville gjere om til dømes forfattarane frå Oslo ikkje kunne reise – kva for programpostar vi ville gjennomføre uansett, kva vi måte endre mykje på, men likevel gjennomføre, og kva for postar vi måtte utsette eller avlyse. Og jo – eg tenkte også: «Literature Live Around the World er viktigare å gjennomføre enn nokonsinne». 

Festivalen blei heildigital, og store deler av hovudprogrammet blei gjennomført saman med dei to store prosjekta for året, Literature Live Around the World og det omfattande ungdomsprogrammet, LitFestUng. Korleis gjekk det med storsatsingane?

– Storsatsingane våre gjekk veldig bra! Literature Live Around the World – 12 timars sending frå 12 land i verda (høgdepunkta skal bli vist på NRK TV) var ei vanvittig, herleg, utruleg og ør reise. Eg har nettopp gått gjennom tala, og vi hadde sjåarar frå 55 land, forutan over 1000 geografisk ukategoriserte. Totalt hadde vi nær 8000 sjåarar.

– LitFestUNG, skuleprogrammet, gikk veldig bra, ikkje minst med tanke på at skulane også nettopp denne veka måtte stenge som alt anna i byen. Vi hadde så mange motiverte og dyktige ungdommar som gjorde strålande og rørande intervju med forfattarane, både frå Noreg og frå USA. Nokre kom til Litteraturhuset med læraren sin og gjorde intervjuet frå scenen her, mens andre gjorde det på Zoom heimefrå. Og 1600 klassekameratar følgde med på sendinga på YouTube – så dette enda med å bli ei verdifull erfaring og noko vi vil vidareføre og tilby enno fleire elevar i 2022.

Kan du seie litt om årets tema Generasjonar? Fekk de til det de ville?

– Temaet «Generasjonar» blei valt fordi dei unge i verda i dag går ei tung tid i møte. Det er dei unge som skal handtere klimakrisa, som har arbeidsløyse og tunge økonomiske utsikter, og eg opplever at avstanden mellom generasjonane – at dei eldre ikkje lyttar til dei unge – er eit problem.

– Generasjonstemaet blei brukt på fleire måtar: Vi hadde ei rekkje samtaler mellom to generasjonar forfattarar der dei diskuterte ulike emne som aviskommentaren, omsetting, klimakrisa, ytringsfridom. Vi hadde også samtaler der temaet kom opp på ulikt vis, som til dømes barnabarnas blikk på krigen eller andre generasjons innvandring, vi ba samarbeidspartnarane våre i Literature Live om å syne fram dei unge, spennande stemmene frå sine land, og vi hadde essaykonkurranse, open for alle i heile verda under 30 år. 

Til den internasjonale essaykonkurransen over festivaltemaet kom det inn 550 bidrag frå heile 90 land. Kva sit du att med etter å ha lese desse tekstane skrivne av unge menneske frå land som Syria, Brasil, Zimbabwe, India, Kenya..?

– Mørket i mange av tekstane. Det fekk meg til å tenke tilbake på mi eiga ungdomstid. Eg var ikkje så redd for framtida som dei unge er i dag. Nei, eg gleda meg! Eg veit jo sjølvsagt mykje mindre om korleis det var å vere ung i Zimbabwe og Brasil då eg var ung på 90-talet, men eg har ei kjensle av at verda var ein meir optimistisk stad. Samstundes opplevde eg noko anna eg kjende igjen, og det er gleda over litteraturen, over å utrykke seg, over å skrive. Nokre av tekstane skein av skrivelukke! Eg blei veldig rørt av mange av bidraga.

Kva overraska deg i år, og kva er du mest stolt av?

– Eg var mest overraska over talet på land deltakarane i essaykonkurransen kom frå – 90 land, det er jo heilt vilt! Det var fascinerande at vi berre ved hjelp av Instagram nådde ut til så mange unge menneske verda over. Eg er mest stolt over Literature Live Around the World og LitFestUNG. Det er fleire grunnar til det, men eg trur den viktigaste er at eg har to tydelege mål: 1. vise veg til ein meir fleirfaldig litteratur, 2. få fleire til å skjøne alt litteraturen kan gi.

Kva kan publikum vente frå festivalen framover?

– Håhå! Vi har så mykje spennande på gong! Den som ventar, får sjå.

 

Del Innhald