Skip to the content
}

Festivalprogrammet 2021 er lansert

Publiseringsdato:

19.01.2021

Programmet for Bergen internasjonale litteraturfestival 2021 er lansert. LitFestBergen har tema «Generasjonar» og blir arrangert for tredje gong 10.–14. februar på Litteraturhuset i Bergen.

Festivalen blir utvida med ein dag, og festivalsjef Teresa Grøtan fortel at administrasjonen er godt førebudd på å avvikle LitFestBergen sjølv under uvisse koronarestriksjonar.

–  Programmet har same blanding av skjønnlitteratur og sakprosa, nasjonalt og internasjonalt som tidlegare, og ein profil som legg vekt på debatt og samtale om sentrale spørsmål i vår tid, seier ho.

Literature Live Around the World

LitFestBergens internasjonale storsatsing i 2021 vaks ut av koronatida: Kor nær kan vi komme internasjonale forfattarar utan å ha dei til stades på scenen i Bergen? Svaret er samarbeidsprosjektet «Literature Live Around the World». Tolv festivalar og litteraturhus frå alle kontinent har sett saman unike litterære program.

NRK-programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise vil leie maratonsendinga frå Litteraturhuset i Bergen.

– Vi er live og direkte frå klokka 12 til midnatt, non-stop! Publikum i Bergen og i heile verda kan bli med på ei svært variert reise, kulturelt og litterært. Vi startar med ei opplesing frå Karl Ove Knausgård og eit storslått nasjonalt program i Bergen, før vi «reiser» til stader som litteraturhuset i Kabul, kjenner på den litterære storbypulsen i Lagos i Nigeria, møter kjende forfattarnamn i San Francisco, vandrar gatelangs i Buenos Aires, besøker verdas største litteraturfestival i Jaipur, India, får eit ungt og hardtslåande program frå den anerkjende litteraturfestivalen i Edinburgh, og avsluttar med dubpoesi til solnedgangen på Treasure Beach, Jamaica, fortel Grøtan.

Alle tolv partnarar og fullt innhald blir lansert saman med den trykte katalogen 12. januar 2021.

Omfattande ungdomsprogram

Gjennom tre dagar vil elevar få møte og sjølv intervjue forfattarar med sterke bodskap innan tema som identitet og rasisme, klima og miljø, og ytringsfridom og polarisering. Dobbel brageprisvinnar Dag O. Hessen, Simon Stranger, Maria Navarro Skaranger, Yohan Shanmugaratnam, amerikanske Jason Reynolds og iranske Fatemeh Ekhtesari er nokre av forfattarane bergenselevane skal møte.

I tillegg skal LitFestBergen kåre vinnaren av sin internasjonale essaykonkurranse for unge fødd etter 1990. Av dei nesten 550 bidraga frå 90 land, står det igjen 19 finalistar.

LitFestBergen utvidar òg programmet for barn og familiar i samarbeid med Bergen Offentlige Bibliotek.

Knausgård, Renberg, Fagerholm

Karl Ove Knausgård gir òg eit eksklusivt intervju frå heimen sin i London om den siste romanen Morgenstjernen. Tore Renberg vil snakke med Inger Merete Hobbelstad om den prisløna Tollak til Ingeborg. Cecilie Løveid fyller 70 år i 2021, og jubilanten blir intervjua av Alf van der Hagen. Vi får òg treffe vinnaren av Nordisk råds litteraturpris 2020, Monika Fagerholm.

Olaug Nilssen, Gunnhild Øyehaug, Sandra Lillebø, Pedro Carmona-Alvarez, Steinar Opstad og debutanten Karoline Brændjord er andre profilerte skjønnlitterære forfattarar på programmet.

Generasjonar, debatt og samtale

LitFestBergen legg opp til fleire samtalar mellom generasjonane. Til dømes om aviskommentaren før og no, om ytringsfridom, og om naturopplevingar i auga til den seksten år gamle, irske Dara McAnulty og Anne Sverdrup-Thygeson. Det blir òg generasjonssamtalar om samisk historie, om husmødrer i eit norsk og innvandrarhistorisk perspektiv, og om barnebarnas blikk på krigen med Marte Michelet og Simon Stranger.

Sosialantropolog Thomas Hylland Eriksen, biolog Dag O. Hessen og litteraturvitar Frode Helmich Pedersen møter journalist Hilde Sandvik til samtale om pandemi, menneske og litteratur.

Tore Renberg vil leie debatten «Kva er ein roman?» med litteraturkritikar Ingunn Økland, forfattar Sandra Lillebø og professor i nordisk litteratur, Eirik Vassenden.

Publikum kan òg glede seg til dei faste postane «Jorda rundt på 80 minutt,» «Verda på laurdag», «Poetisk punkgalla», «Delfinale i NM i slampoesi», «Spør forfattaren!» og «Open mik».

 

Kontakt festivalsjef Teresa Grøtan på 92288550 / teresa@litfestbergen.no

 

Del Innhald