Skip to the content
}

Ei litterær verdsreise i pandemiens tid

Eivind Senneset

12 timar, 12 festivalar, 12 land- i ei samanhengande maratonsending. Literature Live Around the World er sannsynlegvis det største, digitale, litterære samarbeidet nokon gong.

Av Oda Flaten Lødemel

2020 var eit år med store omveltingar og mykje usikkerheit. Restriksjonar for å kjempe mot covid-19 ramma kulturlivet spesielt hardt. Stengde litteraturhus, teater, kinosalar, konserthallar og tusenvis av kansellerte tilstellingar tvinga folk til å tenke annleis rundt det å få formidla sine bodskap.

Festivalsjef Teresa Grøtan i LitFestBergen var lei av alle hinder som dukka opp i kjølvatnet av covid-19. Ein dag slutta ho å tenke på kva som ikkje var mogleg å gjere på grunn av alle restriksjonane, og tenkte heller på kva som faktisk lot seg gjere. Og svaret blei ei 12-timers lang litterær reise til 12 land på 5 kontinent, kalla Literature Live Around the World.

– Visjonen for LLAW-prosjektet har vore å samle menneske og litteratur på tvers av landegrenser. Det er eit fredsprosjekt som tek sikte på å føre menneske, språk og kulturar saman. Eg har eit ønske om at alle skal opne seg meir for litteratur som ligg lengre unna det ein er vand med frå før av, og eg har eit ønske om at forlag også skal tørre å satse på litteratur dei kanskje umiddelbart ikkje heilt forstår.

Blei sett over heile verda
Sendinga blei strøyma til YouTube, og alle partnarane kunne «embedde» lenken på eigne sider. Strøyminga kunne også sjåast på den amerikanske litterære nettsida LitHub.com, og på Global Association of Literary Festival sine heimesider. NRK-programleiarane Siss Vik og Mona B. Riise leia alle dei 12 timane med direktesending frå Litteraturhuset i Bergen.

– Teresas mål var å foreine verda og samtidig få fram dei enkelte landa sine særpreg. Det følte eg verkeleg blei realisert, kommenterar programleiar og kulturjournalist Siss Vik. – Vi er oppteken av mange av dei samme tinga rundt omkring på kloden, men vi skriv, les og nærmar oss det på ulike vis. Å komme tett på forfattarar blei ein inngong til 12 ulike kulturar, seier ho.

I ein ny kvardag prega av sosial distansering, isolasjon og stengde grenser, er LLAW eit bevis på at usikre tider gir rom for kreative oppfinningar. Teresa Grøtan peikar på sin eigen naivitet når ho vert spurt om omfanget av eit prosjekt som LLAW.

– Av og til tenker eg at det er meir som ei velsigning å ikkje heilt vite kva eg set i gang, for om eg hadde vore klar over mengden med arbeid, folk og finansiering dette prosjektet krevde, hadde eg ærleg talt kanskje ikkje byrja på det.

Ho er allikevel svært glad for at ho gjorde det, og for at alt gjekk så bra som det gjekk, med tanke på alle dei moglege utfordringane ei direktesendt, digital tilstelling av denne størrelsen kunne ha bydd på. For ikkje å snakke om det å arbeide innafor ni ulike tidssoner.

Reisa
Fredag 12. februar klokka 12:00 norsk tid, sette NRK sine kjende og kjære fjes, Siss Vik og Mona B. Riise, i gang den litterære reisa. Frå scena på Litteraturhuset i Bergen fekk ein sjå forfattarar som Gunnhild Øyehaug, Tomas Espedal og Kathrine Nedrejord, samt eit intervju med Karl Ove Knausgård, spelt inn på førehand. Etter omtrent ein time gjekk reisa vidare til solfylde Perth, Australia, etterfulgt av nydeleg afghansk musikk på scena i Bergen, og eit innhaldsrikt program presentert av Forfattarane sitt hus i Kabul, Afghanistan. Derfrå gjekk turen vidare til fargerike Jaipur i India, kor TM Krishna baud på fortryllande karnatisk song i regi av Jaipur Literature Festival. Reisa gjekk vidare til Dubai og Emirates Airline Festival of Literature, der lokal vert Ahlam Bolooki møtte forfattarane Avni Doshi og Derek Owusu framføre eit live publikum. Etter Dubai gjekk turen til Lagos, Nigeria, og Aké Arts and Book Festival presenterte eit program med dikt frå poeten Efe Paul Azino etterfulgd av ein generasjonskryssande samtale mellom Bolatito Adebayo og Mobolaji Adenubi om barnløyse.

Frå Lagos til Sør-Amerika: Buenos Aires og Festival Internacional de Literatura de Buenos Aires (FILBA) tok oss med på tur gjennom tre ulike nabolag i byen, sett gjennom tre unge argentinske forfattarar sine auge. Frå Buenos Aires gjekk reisa tilbake til Europa og til Skottland, kor Edinburgh International Book Festival viste fram ein ny generasjon av skotske diktarar og forfattarar med namn som blant anna Nadine Aisha Jassat, Leyla Josephine and Beldina Odenyo (Heir of the Cursed). Reisa gjekk vidare til Lyon, Frankrike, og festivalen Villa Gillet. Festivalsjef Lucie Campos hadde stelt i stand eit program med Joy Sorman, Virginie Despentes og Fatima Daas, som samtala om tema som blant anna feminisme og lesbiske og muslimske identitetar i Paris sine forstader. Frå Frankrike gjekk turen tilbake til det amerikanske kontinentet, og Bay Area Book Festival (BABF) med vert Cherilyn Parsons, presenterte nokre av dei mest kjende namna i nord-amerikansk samtidslitteratur, Dave Eggers og Vendela Vida. Derfrå gjekk reisa til dagens nest siste destinasjon, nemleg Toronto, Canada. Toronto International Festival of Authors (TIFA) i samarbeid med JAYU la fram eit variert program med diktarar og forfattarar som alle kan seiast å representere ein ny generasjon av canadisk poesi som leikar med reglane og skaper sine eigne, slik som Jillian Christmas, Tawhida Tanya Evanson og Desiree McKenzie. Den siste posten for den ekstravagante litterære reisa var solfylde Treasure Beach i Jamaica, kor Calabash Festival hadde stelt i stand eit fyrverkeri av eit program med forfattarar og diktarar som blant anna Mutabaruka, Ann Margaret Lim, Opal Palmer Adisa, Diana McCaulay og Olive Senior.

For festivalsjef Teresa Grøtan var det absolutt viktig å få med dei store og velrenommerte litteraturfestivalane, slik som Edinburgh International Book Festival og Bay Area Book Festival, men samstundes vel så viktig å invitere mindre festivalar frå land som Afghanistan.

– Geografi er viktig, fordi dersom ein ikkje er geografisk bevisst, endar ein som regel opp i Vesten. Eg er kjempefornøgd og beæra over at velkjende og godt respekterte festivalar ville bli med på dette prosjektet, men det var også veldig viktig for meg å ha representantar frå alle kontinent.

Ho meiner det er nødvendig og viktig å etablere arenaer der ulike kulturar og ulik litteratur møtes, som ein måte å kjenne seg igjen i kvarandre, forstå kvarandre betre og som eit fredsprosjekt.

Internettrevolusjonen
Reint teknisk krev eit arrangement som LLAW ekstremt med planlegging og fagfolk som er gode på logistikk. Øyvind Storheim, sjef for det bergensbaserte firmaet «Kulturoperatørene», og ansvarleg for produksjonen og det tekniske frå Litteraturhuset i Bergen, legg det fram på denne måten:

– Då Teresa ringde meg i juni med ideen om Literature Live Around the World, tenkte eg at det var ein sprø idé. Sprø, men absolutt gjennomførbar.

Han legg vekt på at eit arrangement som LLAW krev at alle er online når dei skal, og at det å arbeide innafor ulike tidssoner absolutt er krevjande. Men med stabil internett-tilgang, mykje kvalitetssikring og ein open dialog med dei ulike lokale produksjonsselskapa i dei respektive byane, er det utrulig kva ein kan få til.

– Kun på eitt tidspunkt opplevde vi problem med ustabil internettilkobling. Det er allikevel utruleg å tenke på at du kan ha fleire forfattarar, til dømes i USA, sitjande på kvart sitt heimekontor i forskjellege byar, samstundes som dei gjer ein live-stream medan dei preikar med Mona og Siss her i Bergen. Internett har verkeleg revolusjonert måten vi kommuniserer og samhandlar på, og det har kome for å bli!

Storheim peikar på at Kulturoperatørane har lært ein god del av å ta del i ein produksjon som LLAW. Viktigheita av klare og tydelege instruksjonar og gode dialogar med partnarane, men også kor fantastisk det kan vere når menneske over heile verda kjem saman for å skape noko som LLAW, til trass for svært forskjellege utgangspunkt og arbeidsforhold.

Mykje å lære
Siss Vik, som saman med kollega Mona B. Riise leia heile programmet på 12 timar frå Litteraturhuset i Bergen, seier at ho er imponert over Kulturoperatørene som har vore proffe og begeistra gjennom heile produksjonen. 

– Eg har riktignok hatt doble opptak med quizprogram i TV-studio i NRK, men har aldri vore med på noko liknande. 12 timar er lenge! Å organisere eit så stort opplegg er ei utfordring – på mange vis. Det skal mange e-postar og zoom-møter og purringar og misforståingar til før eit så stort program er klart. Dei ulike landa har levert veldig ulikt, og det har ikkje nødvendigvis vore dei landa ein kanskje trudde skulle bli forsinka som blei det.

Ho peiker på at LLAW har gjort at ho har fått auga opp for nye forfattarar, og at ho til dømes er i gang med ei nigeriansk bok om moderskap som er kjempegod.

– Det har vore ei fryd å oppleve så mykje god poesi – og å sjå den viktige rolla spoken word speler i mange land. Edinburgh, Jamaica og Toronto imponerte stort i så måte. Og kanadiske Britta B var eit funn. Vi blei betatt av ho heile gjengen.

Siss Vik meiner også at vi i Noreg har mykje å lære når det kjem til tema som til dømes urfolksrettar:

– Vi såg at identitet er den store fellesnemnaren for tida. Og at det å respektere og løfte fram urfolk sine stemmer står sentralt i programma til Australia, Canada og Noreg. Her har vi både mykje å lære og ein veg å gå.

Etter LLAW sit Siss Vik igjen med reisefeber:

– No drøymer eg om å dra til disse landa sine festivalar på ekte, og oppleve poesi om natta i ørkenen i Dubai, eller på ei strand på Jamaica.

Cherilyn Parsons, lokal vert frå Berkeley, har intervjua Teresa og nokre av dei andre festivalsjefane som deltok i Literature Live Around the World for den litterære nettstaden LitHub. Du kan lese meir her:

https://lithub.com/kabul-jaipur-edinburgh-literature-live-around-the-world-launches-today/

https://lithub.com/how-to-organize-a-dozen-global-literary-festivals-all-at-once/

 

 

 

Del Innhald