Skip to the content
}

Draumar om hundar

Den siste programposten under Bergen internasjonale litteraturfestival 2021 er premiera på «I am Dog»; ei framsyning i tekst, bilete, lys og lyd skapt av Alwynne Pritchard og Domizia Tosatto. Vi har snakka med Alwynne om prosjektet og korleis det kom til.

Av Oda Flaten Lødemel


Kva er greia med tittelen, er det eit ordpel på dog/God?

Nei, det er ikkje eit ordspel på dog/God. «I am Dog» er dei fyrste tre orda av den siste setninga i historia, og det er grunnen til at eg valde dei som tittel. Historia er sett saman av interaksjonar mellom to skapningar, ei jente som heiter Willa og ein hund som heiter Dog, men dei kan også sjåast på som to sider av same vesen, og historia kan tolkast som ein slags indre dialog.

Dog/God er namnet på eit anna prosjekt som eg har arbeidd med i om lag 5 år no – eit solo musikkteaterprosjekt der eg lagar vokale og fysiske tolkingar av musikkteaterstykker eg har bestilt frå komponistar over heile verda. Det er vanskeleg å setje fingeren på kvifor det er ein hund i begge titlane, men det er noko med hundar og «hundskap» som fascinerer meg – intelligensen, absurditeten, lojaliteten, leiken, energien og styrken deira. Eg trur det er kvalitetar ein finn igjen i begge prosjekta.

Foto: Sandra JecmenicaFoto: Sandra Jecmenica

Korleis starta «I am Dog»?

Det heile starta med ein draum som blei til ei av scenene i historia (nokre av mine mest verknadsfulle draumar har involvert hundar). På den tida var eg kunstnarisk leiar for Borealisfestivalen for eksperimentell musikk, så eg brukte å reise mykje aleine på musikkfestivalar og konsertar. Når eg ikkje arbeidde gjekk eg rundt i gatene i ukjende byar eller sat aleine på barar og i restauranter seint på kveld og kikka på folk. Eg såg små interaksjonar utspele seg, og eg skreiv dei ned. Deretter tolka eg dei på nytt eller bearbeidde dei. Eller så fekk desse interaksjonane meg til å tenke på andre moglege utvekslingar. Eg var ikkje sikker på kor dei kom til å ende opp i arbeidet mitt, men over tid byrja to karakterar frå draumane mine å spele ut desse scenene, og scenene i seg sjølv tok form og blei gradvis til ei slags historie. Ting er absolutt annleis mot slutten av «I am Dog» – alt har endra seg. På den måten kan ein seie at scenene er som augeblikksbileter av eit større narrativ som utspeler seg. Av ei historie.


Kor møtte du og Domizia kvarandre, og korleis kom samarbeidet i stand?

Eg møtte Domizia i Saint-Étienne i Frankrike i 2019 der vi arbeidde med teaterprosjektet Underground saman (https://vimeo.com/384770918). Partnaren min og eg har eit musikkteaterkompani som heiter Neither Nor som skapte lyd og musikk til showet. Eit par månadar seinare sende Domizia meg ei nydeleg bok ho nyleg hadde gitt ut, Manuel des caniches (et autres chiens de compagnie), som var full av fantastiske illustrasjonar av hundar. Eg hadde alltid hatt eit klart bilete av korleis både Willa og Dog skulle sjå ut, men sidan eg ikkje er nokon illustratør var eg ikkje sikker på korleis dei skulle manifestere seg på papiret. Då eg såg korleis Domizia teikna hundar – empatien, humoren og spontaniteten i blyantstrøket hennar – så visste eg at ho var den eg trengte å snakke med om prosjektet. Vi har arbeidd på prosjektet saman i løpet av det siste året, og vi har utvikla illustrasjonar både for framsyninga og filmversjonen, noko som fordrer at Domizia bruker heilt andre teknikkar. Og, slik som resten av verda det siste året, har vi jobba saman digitalt.

Foto: Baptiste Deyrail


Du komponerer musikk, du syng, du gjer perfomance, du er skodespelar og du skriv; Kor finn du inspirasjon når du skaper kunst?

Ordet inspirasjon betyr ikkje så mykje for meg. Eg gjer det eg gjer som ein måte å adressere, forhandle med og oppdage livet på. Så eg gjer det heile tida. Eg har ikkje behov for inspirasjon for å skape kunst. Problemet, venleiken, tristleiken og merkelegheita ved å vere i live er i seg sjølv nok til å drive meg til å skape. Og eg har alltid hatt ei dragning til mange ulike ting- å spele fiolin og piano, å synge, å komponere, skrive, teikne, danse. For meg er det koplingane mellom alle desse tinga- desse aktivitetane, greinene eller formene for uttrykk, samma kva ein vel å kalle dei – koplingane er det som er viktig for meg, det som engasjerer meg, meir enn ulikskapane. Eg har alltid syntes at eg lærer noko om ein ting ved å gjere noko anna. Alt heng saman.


Korleis har det vore å vere utanlandsk kunstnar busett i Bergen?

Gildt. Eg elskar folka og landskapet. Eg er litt forvirra av byplanlegginga her, som eg for det meste ikkje er særleg begeistra for, men det er no det. Og eg trur nordmenn og nordkvinner har grunn til å vere svært stolte av landet sitt og engasjementet det viser for kunsten. Eg håper det på sikt vil tjene Noreg at regjeringa «puts its money where its mouth is», som vi seier på engelsk. Og spesielt Bergen er ei glede å arbeide i. Byen er akkurat stor nok til at det er ei breidde av ting på gang, og akkurat liten nok til å vere framkomeleg og tilgjengeleg. Eg kan ikkje tenke meg ein anna stad eg heller vil bu.


Om du skulle beskrive den pågåande situasjonen i verda med eitt ord og ein lyd, kva ville det ha vore?

Eg trur ordet audmjukskap er det første eg tenker på. Det er noko denne situasjonen kanskje har lært oss, og det er eit ord som også vil kunne hjelpe oss å takle utfordringane vi har møtt dette året. Og derifrå, kanskje også ordet medkjensle. Fører det eine kanskje til det andre? Når det gjeld lyd tenker eg at eit kollektiv innpust er på sin plass. Og – pust …


Til slutt, temaet for årets festival er «generasjonar». Korleis vil du beskrive din eigen generasjon, og kva ser du på som dei største utfordringane og moglegheitene for denne?

Her om dagen snakka eg med ein venn om ideen om generasjonar. Som kunstnar har eg alltid arbeidd med menneske i alle aldrar. For tida er samarbeidspartnarane mine folk som både er meir enn 30 år yngre og 30 år eldre enn meg sjølv. Eg har heller aldri hatt born, så eg var aldri ein del av eit foreldrefellesskap. Så eg har aldri hatt ei sterk kjensle av å vere ein del av ein generasjon.

Eg kjenner meg som eit menneske og eg trur det får definere utfordringene og moglegheitene eg har. Ikkje alderen min eller generasjonen min. Eg trur at det å vere på denne jorda er litt som å sitte fast i ei heis med ein gjeng med folk. Eller kanskje å vere på ein båt er ein betre analogi! Alle på jorda akkurat no, uavhengig av alder, deler denne planeten og utfordringane den gir oss i dette spesifikke augeblikket. Når eg tenker på det på den måten, så tenker eg på generasjonen min som alle som er på jorda på same tid som meg. Og, for å nok ein gong bruke mitt favorittord på tre bokstavar i ein veldig annleis kontekst, så trur eg at DOGmer av alle slag er den største utfordringa vi står framføre – religiøse, politiske, økonomiske eller kulturelle dogmer. Dei hindrer oss i å lytte til kvarandre og dei hindrer oss i å sjå og vedta løysingar på problem som kanskje enkelt kunne ha vorte løyst, hadde vi menneske berre ikkje vore så dogmatiske av oss. På den andre sida kjennes det ut som at vår felles heis sakte, men sikkert, stig til ein betre stad når det til dømes gjeld seksuelle rettar og kjønns- og mangfaldspolitikk.


Generasjonskryssande samarbeid

Involvert i prosjektet er også to unge bergensarar, Ellinor Bjaadal (11 år) og Elise Hitland (15 år), som skal lese saman med Alwynne i premiera på «I am Dog» klokka 17.15 den 14. februar på Litteraturhuset. Filmversjonen av «I am Dog» blir tilgjengeleg online etter det, kun for éin kveld. For filmen blei voiceover spelt inn av 11 år gamle Dulcie Pugh i Storbritannia. Alwynne si søster, Victoria, er vokallærar, og ho trena Dulcie for rolla.

– Tanken om å la eit born lese ei historie for vaksne er noko som appellerer sterkt til meg. Eg var litt nervøs med tanke på at borna skulle lese under live-framsyninga heilt fram til eg byrja å arbeide med Ellinor og Elise. Eg er mektig imponert av kor forplikta og profesjonelle dei har vore, og eg ser verkeleg fram til zoom-øvingane våre. Engelsken deira er utmerka, veldig imponerande, og dei er veldig kjekke å arbeide med. Med Domizia og Baptiste (som styrer lysa for live-framsyninga) på scena saman med oss (virtuelt), blir vi litt av eit team!

Jentene seier det har vore veldig kjekt å vere involvert i prosjektet, og spesielt å lese tekstane på engelsk.

Elise (15) har alltid likt det engelske språket. – Det har eigentleg vore veldig kjekt å lese på engelsk. Eg har ikkje engelsk familie, men fann veldig tidleg ut at eg var glad i engelsk. Ein liten del av meg har alltid likt det å snakke engelsk i kvardagen. No når eg har fått snakke med ein som faktisk er engelsk, Alwynne, så har det vore litt deilig.

Ho har også vorte betre på å lese høgt.

– Det har vore som ein augeopnar å arbeide med «I am Dog», og eg har lært mykje om å bli betre til å lese høgt, og å vere tydeleg når eg snakkar, også til vanleg.

For Ellinor (11) er engelsk eitt av favorittfaga på skulen. Det har vore litt utfordrande med mange nye ord, men ho har lært mykje og engelsken hennar har vorte betre. Og det er første gong ho er med på noko som dette- det er hennar første kunstnariske prosjekt.

– Tekstane er veldig artige, og det er som å lese ei bok, seier Ellinor. – Nokre gonger kjem dei frå Dog sitt perspektiv, andre gonger frå Willa sitt perspektiv. Historiene er vaksenhistorier, og eg har ikkje lese alle, men dei eg har lese er veldig gode historier.

Jentene har kun arbeidd digitalt med Alwynne, men skal snart møtast fysisk for å øve.

For Elise har det å arbeide med «I am Dog» vore givande, spesielt etter mars i fjor.

– Alle dagane blei så einsarta etter mars 2020. Så det å ha noko som dette å halde på med har gjort dagane litt lettare.

Ho hadde allereie litt erfaring frå amatørteater (Bergen Amateur Dramatic Society), men arbeidet med «I am Dog» har vore spesielt.

– Historia til «I am Dog er meir seriøs og eg har måtte finne ein ny måte å tolke og formidle på».

Premiera går føre seg 14. februar klokka 17.15 i «Auditoriet» på Litteraturhuset.

 

 

Del Innhald