Skip to the content
}

5 kjappe med Tore Renberg

Signe Christine Urdal

Litt LitFest nærmar seg og vi gler oss til å ta imot både publikum og forfattarar! Forfattar Tore Renberg blir å sjå på heile 3 programpostar under festivalen. I tillegg til samtale om si eiga bok «Tollak til Ingeborg», skal han også delta i debatt om «sanning» i ein roman. Publikum får dessutan høve til å stille eigne spørsmål til Renberg og forfattar Olaug Nilssen på programposten «Spør forfattaren!». Vi har stilt Tore Renberg fem kjappe spørsmål.



Kva er ditt forhold til Bergen?

Det er spesielt. Bergen var den fyrste plassen eg valde å reise til då eg var ferdig på vidaregåande. Der hadde eg ein intens, men informativ studietid. Eg studerte litteraturvitskap og filosofi og var aktiv i både Studentradioen og i studentavisa Studvest. Det var fire fantastiske og ikkje minst viktige år. I tillegg har eg familie i Bergen som eg har besøkt mykje.

Kva gjer du helst ein ettermiddag?

Det kjem heilt an på. Jobbe endå litt meir? Skrive endå litt meir? Elles vil eg alltid vere med borna mine, sjå Liverpool-kamp eller lese ei bok av Thomas Mann.

Kva er ditt beste forfattar-augneblink?

Det er den dagen i 1995 då eg fekk mitt fyrste eksemplar av mi aller fyrste bok. Ingenting slår det.

Kven er din favorittforfattar?

Frykteleg vanskeleg spørsmål. I dag seier eg Fjodor Dostojevskij.

Og til slutt, kva for eit spørsmål kunne du ønske noen hadde stilt, men som du aldri har fått før?

(Tenkjepause...) Kva er du redd for.

Kjøp billett til arrangementene her:

Kva er ein roman?

Kva skjedde, Tollak?

Spør forfattaren!

 

Del Innhald