Skip to the content
}

1600 elevar deltok på LitFestUNG

Eivind Senneset

Ei av festivalens store satsingar for 2021 var det omfattande ungdomsprogrammet, LitFestUNG.

I år kunne elevar frå ni ungdoms- og videregåande skular oppleve forfattarar som Jason Reynolds, Dag O. Hessen, Yohan Shanmugaratnam, Maria Navarro Skaranger og Fatameh Ehktesari. 

Det er eit mål for for ungdomsprogrammet at elevane i størst mogleg grad skal vere involverte. Skuleklassane arbeider på førehand med forfattarane sine bøker, planlegg og gjennomfører intervjua på scena sjølve. 

– Elevane var flinke, modige, tøffe. Eg er imponert over kor godt dei har jobba med stoffet i forkant, seier programrådgivar Hjørdis Losnedahl.

Ikkje stoppa av nedstenginga

På nokre av programpostane kom elevar til Litteraturhuset for å intervjue forfattarar frå scena via skjerm, medan andre elevar intervjua forfattarar frå sine eigne rom heime. 

Heile 1600 elevar følgde programmet digitalt.

– Skuleprogrammet enda med å nå breiare ut enn vi hadde trudd. Det var sett opp totalt 28 arrangement, men på grunn av nedstenginga i Bergen i festivalveka vart dette talet noko nedskalert. Likevel deltok nesten alle forfattarane, og med unntak av nokre få skuleklassar blei opprinneleg program gjennomført, seier Losnedahl.

– Både skular, lærarar, elevar og forfattarar utviste stort tolmod og fleksibilitet.

Vekt på kvalitet

Programmet var i år delt inn i bolkar på tre dagar med temaa rasisme og identitet, natur og klima og ytringsfridom og polarisering. 

Her deltok mellom anna Bergen Katedralskole, Nordahl Grieg vidaregåande skule, Bergen private gymnas, Rothaugen skole, Ortun ungdomsskole, Olsvik skole og Slåtthaug ungdomsskole.

 – Tilbakemeldingar tyder på at det å presentere eit like gjennomarbeidd og kvalitetsmessig godt program til ungdom som til det øvrige festivalpublikummet, blir sett pris på av elevar, lærarar og forfattarar, seier Losnedahl.

Del Innhald