Skip to the content
}

Kọ́lá Túbọ`sún

Kọ́lá Túbọ`sún (f. 1981, Nigeria) er skribent, diktar og lingvist. Han har arbeidd som rådgivar for Oxford University Press Dictionaries i Hamburg og i London, og har vore NLP-lingvist for afrikanske språk ved Google Nigeria. Han fullførte nyleg eit Chevening Research Fellowship ved det britiske biblioteket i London. I perioden 2015–2016 arbeidde Kọ́lá som prosjektleiar ved Google Nigeria, og før det jobba han som universitetsprofessor, lærar og som frivillig for å utvikle leseferdigheiter blant vaksne. I 2015 grunnla han nettstaden yorùbánames.com for å dokumentere alle yorùbá-namn og for å gjere internett meir tilgjengeleg for nigerianske og afrikanske språk. Mykje av Kọ́lá sitt arbeid har blitt publisert og omtalt i tidsskrift som blant anna Sentinel Poetry Quarterly, SarabaMagazine, 234Next, Ake Review og the Guardian UK.

Del Innhald