Skip to the content
}

Vil du jobbe med litteraturfestival?

Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur (LitFestBergen) blir arrangert for tredje gong i februar 2021.

Vår kommunikasjonsmedarbeidar skal ut i permisjon, og vi treng ein dyktig vikar frå 1. september 2020 til 1. mars 2021 (100% stilling)

Hovudoppgåver er å jobbe med nettside, sosiale medium og presse.

Kvalifikasjonar:

Erfaring frå presse eller kommunikasjonsarbeid

Svært gode språklege evner på norsk og engelsk

Kunnskap om effektiv bruk av sosiale medium

Sjølvstendig og fleksibel

Ønska kvalifikasjonar:

Fotokunnskap

Kjennskap til program som photoshop, indesign og publiseringsplattformer som t.d. Umbraco

Vi tilbyr:

Stor fleksibilitet

Kontor på Litteraturhuset i Bergen

Bidra til utvikling av festivalen

Lønn etter avtale

Ta kontakt med festivalsjef Teresa Grøtan, tlf. 92288550 / teresa@litfestbergen.no, eller kommunikasjonsmedarbeidar Britt Kristin Ese 9585 7607 for fleire opplysningar.

Send CV og søknad til teresa@litfestbergen.no. Søknadsfrist: snarast og innan 1. juni.

 

Del Innhald