Skip to the content
}

Velkommen til festival!

Foto: Eivind Senneset

Vi utvidar LitFestBergen med ein dag, så sett av datoane 10.–14. februar 2021! Festivalprogrammet vil bli omfattande og innhaldsrikt, og vi kan love svært kreative løysingar for å oppretthalde vår internasjonale profil, sjølv om korona-situasjonen ikkje skulle endre seg.

Programmet blir lansert 17. desember, og billettsalet vil starte opp same dag.

Kven er vi?

Festivalen har fått nokre nye ansikt, både i administrasjonen, i dei kunstnariske råda og i styret. I tillegg vil vi i haust få hjelp av praktikantar og praksisstudentar frå Universitetet i Bergen. Les meir om administrasjon og råd her.

Frivillig 2021?

Utan frivillige er det umogleg å arrangere festival. Som frivillig får du festivalpass, og eit godt høve til å treffe forfattarar og å oppleve festivalen frå innsida.

Du kan melde deg som frivillig til festivalen 2021 her.

 

Del Innhald