Skip to the content
}

Utvida ungdomsprogram

Foto: Eivind Senneset

Dei siste to åra har LitFestBergen samarbeidd med ungdomsskular i Bergen. Dette har vore vellukka, og programmet vil bli utvida til neste år. I 2020 blei det avvikla seks programpostar over to dagar. I 2021 planlegg vi rundt 30 postar over tre dagar, for både ungdomsskular og vidaregåande skular.

Ungdom og lesing

Gjennom satsinga håper vi å bidra til å auke interessa for litteratur og lesing. Den internasjonale PISA-undersøkinga frå 2019, som undersøkte lesenivået blant 15-årige elevar i ei rekke land i verda, slo fast at 26 prosent av norske gutar og 12 prosent av jentene presterer på det lågaste nivået i lesing. Over halvparten av dei norske elevene svarte at dei aldri les i fritida. På skuleprogrammet til LitFestBergen møter ungdom norske og internasjonale forfattarar som tar opp aktuelle tema som engasjerer dei unge.

Tre tema

Skuleprogrammet vil ha tre tema:

  • rasisme og identitet
  • natur og klima
  • ytringsfridom og polarisering
Vi du vite meir om skuleprogrammet?

ta kontakt med Hjørdis Losnedahl

hjordis@litfestbergen.no

tlf. 922 30 992

 

 

 

Del Innhald