Neste lesesirkel med Raja Shehadeh

Publiseringsdato:
13.09.2019
På programmet for LittfestBergen 2020 står den palestinske advokaten og politiske aktivisten Raja Shehadeh, som nyleg vart skildra av The Observer som "Palestina sin fremste sakprosa-forfattar".
Shehadeh sin elegi for heimbyen Ramallah, Going Home (2019), er neste bok ut i lesesirkelen til LittfestBergen, som går av stabelen 3. oktober klokka 19:00 - 20:30.
Som vanleg vil diskusjonen bli leia av Kari Jegerstedt, men merk at den vil føregå på Zinken Hopp i staden for Fossestova.
Gå innom Boksalongen og få 10 % rabatt på boka til Shehadeh, eller send ein e-post til boksalongen@litthusbergen.no for å reservere ei.
Ønskjer du å delta i lesesirkelen til LittfestBergen? Det er gratis, og einaste kravet for å delta er at du snakkar og forstår engelsk. Meld deg på ved å sende e-post til:
lesesirkel.littfestbergen@litthusbergen.no