Skip to the content
}

Essaykonkurranse for unge fekk bidrag frå 90 land

Under temaet «Min generasjon» har Bergen internasjonale litteraturfestival invitert til internasjonal essaykonkurranse blant unge fødd etter 1990. Etter at fristen gjekk ut 1. oktober hadde festivalen fått inn 550 bidrag frå 90 land. 

Festivalsjef Teresa Grøtan er overvelda av mengda essay og den geografiske spreiinga. – Dette viser at vi har treft ein tematisk nerve, og at situasjonen i verda i dag triggar unge vaksne til å skrive, seier ho, og er spent på innhaldet i essaya.

I utlysinga spurde LitFestBergen etter tekstar skrivne frå dei unge sin ståstad. Kva kjenneteiknar din generasjon, blei det spurt. Kva oppmuntrar deg og kva gjer deg sint?

Styreleiaren i LitFestBergen, Birthe Kåfjord Lange, er også svært begeistra over omfanget av materialet og ser moglegheitene som ligg i det. – Dette er ei gåve til forskarar og til historiebøkene som skal skrivast om vår tid. Det er ein liten kikkert inn i 90 forskjellige land, seier ho, og meiner det må være ein forfattar sin draum å få tilgang til dette materialet og kunne skrive ei bok om parallelle liv på alle kontinent.  
– Gjennom desse essaya har vi ein svimlande moglegheit til å få innblikk i korleis er det er å være ung i dag sett gjennom 550 par auge.

Essaya vil bli vurdert av ein internasjonal jury. Norsk medlem i juryen, Sandra Lillebø, som sjølv er forfattar og kritikar, meiner det er gledeleg og svært imponerande at det kom inn så mange bidrag frå så mange land. – At bortimot halvparten av verdas land er representert i konkurransen, håper eg kan bere bod om at vi vil sjå ein stor variasjon både i tolking av utlysningsteksten, kva tema dei unge skribentane er opptekne av, og i kva type litteratur dei har funne inspirasjon.

Lillebø meiner at juryen opplagt har eit stort og vanskelig, men ikkje mindre spennande arbeid føre seg. – Kvalitet er som kjend ein vanskeleg storleik, og med jurymedlem frå ulike horisontar, som sjølv skriv i forskjellige sjangrar, trur eg vi skal få mange interessante diskusjonar før vi forhåpentlegvis blir einige om dei aller beste, seier ho, og legg til at med så mange bidrag er det sannsynleg at mange vil vere gode nok for en topp fire-plassering, og at litterær eigenart og idérikdom kan bli avgjerande for kven som blir ståande att til slutt.

Vinnaren og tre andre som utmerkar seg vil bli offentleggjort på eit arrangement under Bergen internasjonale litteraturfestival 10.–14. februar 2021. Vinnaren får 2500 euro, mens tre andre får 500 euro kvar. I tillegg blir bidraga trykka og publisert. 

 I juryen sit:

  • Alisa Ganieva (Russland), forfattar og kritikar
  • Leila Guerriero (Argentina), forfattar og journalist
  • Sandra Lillebø (Noreg), forfattar og kritikar 
  • Daniel Medin (USA/Frankrike), redaktør og førsteamanuensis ved The American University of Paris
  • Jonny Steinberg (Sør-Afrika/Storbritannia), forfattar og professor ved The University of Oxford
  • Ece Temelkuran (Tyrkia), forfattar og aviskommentator

 

Del Innhald