Skip to the content
}

– Eg var ikkje redd. Eg skreiv alt

Foto: Hanne-Kjersti S. Iversen

Fatemeh Ekhtesari (f. 1986) er ein iransk diktar og utdanna som jordmor. Ho blei dømt til 11,5 års fengsel og 99 piskeslag for å ha skrive om kjærleik, fred, fridom og andre tema som dei iranske styresmaktene ikkje aksepterte. Etter å ha flykta frå dommen i Iran er ho no fribyforfattar busett på Lillehammer, og har nyleg gitt ut si første diktsamling på norsk, Vi overlever ikke.

Av Jonas E. Kvamsdal

Ekhtesari flykta frå Iran saman med sin kollega Mehdi Moosavi som også var dømd til fengselsstraff. Dei flykta i desember 2015, delvis til fots, før dei nådde Tyrkia der dei levde som flyktningar. Organisasjonen The International Cities of Refuge Network (ICORN), som hjelper forfølgde forfattarar, fekk dei til Lillehammer januar 2017.

Ekhtesari vil delta på Bergen internasjonale litteraturfestival i 2021. Det følgande er eit intervju ho gjorde med meg der ho fortalde om litteraturen sin og situasjonen i Iran.


– Diktaturet i Iran gjer det vanskeleg for folk å utrykke meiningane sine. Kva er tankane dine om å leve under eit slikt regime?

– Eg meiner at alle som lever i eit diktatur og føler og tenker berre litt, burde stå opp mot diktaturet. Er det mogleg å sjå ein ung man bli drepen berre fordi han skreiv meiningane sine på sosiale media, og seie at ingenting skjedde? Eg trur at sjølv om nokon smiler og seier at alt er fint, så veit dei likevel at det ikkje er slik. Dei er berre redde. Kanskje dei føretrekker å lyge til eigen fordel.


– Kva gjorde at du ville skrive poesi under slike tilhøve?

– Eg var ikkje redd. Eg skreiv alt eg ville. Eg hadde ein slags magnetisk poetisk fanatisme. Eg kunne gitt livet mitt til kunsten, men vil ikkje råde nokon til å gjere det same. Eg vil ikkje seie at det var bra eller dårleg. Det var meg og mi overtyding, og er glad for at eg skreiv det eg trudde på. For meg er det nok når eit ungt menneske melder meg at livet endra seg etter å ha lese dikta mine. Når eg les desse meldingane seier eg til meg sjølv, at etter alt eg har vore gjennom, alle dei tunge stundene, at det var verd det.



Ekhtesari var fengsla i 38 dagar i 2013 og blei lauslatt på vilkår. Ho var dømd for å ha samarbeidd med ein iransk rap-artist i eksil som brukte eit av kjæleiksdikta hennar i ein song. Eg spurde henne om kva tankar ho gjorde seg etter å ha vore i fengsel.


– Fengsel og tortur er veldig skremmande. Du er låst inne i eit lite rom utan toalett, seng, papir og blyant, og det er forbode å kontakte andre menneske i fleire månader, ikkje ein gong familie eller advokat. Når du er i same celle, går frå vegg til vegg, i smerte, på det harde golvet – du får ikkje til å sove, og du trur at heile verda gløymer deg, og at det er dette som er takken for å skrive dikt om det du trur på. Eg forstår dei som er redde, men eg forstår ikkje dei som føretrekker at staten utnyttar dei mot deira eigen interesse. Korleis kan dei vere glade når ein ikkje kan snakke om det ein elskar å snakke om? Korleis kan dei vere glade når venner er fengsla og torturerte?



– Kva er forskjellen mellom å publisere bøker i Iran og i Noreg?

– I Iran har vi eit fundamentalt problem og det er kulturdepartementet. Kulturdepartementet er hovudfienden for kultur og kunst. Alle bøker som skal publiserast må bli lest av visse personar der. Mange religiøse skrifter, barnebøker og gamle poesibøker er sensurerte. Mange forfattarar, som meg, sensurerer oss sjølve. Vi fjernar enkelte ord. Vi føretrekker å sensurere oss sjølve framfor å hamne på svartelista. Vi fjernar ord som til dømes “kyss” og erstattar det med tre prikkar. Lesarane er smarte nok til å gjette kva som skal stå der. Dei tre prikkane har derimot også blitt forbode.

– Alle sensurerte bøker har blitt henta frå bokbutikkar og øydelagt. Det skjedde med bøkene mine. Det kjendest som om barna mine blei reve i stykkar rett framfor auga mine. Heldigvis har eg ikkje dette problemet i Noreg. Ein av grunnane til at eg valde eit liv i Noreg i staden for fengselsstraff i Iran, er ytringsfridomen. Den er det mest verdifulle menneska har oppnådd, og som vi må ta vare på og vere forsiktige med så vi ikkje mister den. I den nye boka mi har eg skrive alt eg ville. Dersom eg endra noko, var det på grunn av vanskar med omsettinga, til dømes på grunn av ordspel eller kulturelle tilhøve.


– Tyder dette at den nye boka di ikkje vil bli selt i Iran?

– Mitt namn er dessverre forbode i Iran uansett. Ingen kan nemne meg i avisar, blad eller bøker. Alle bøkene mine er forbode, også dei som var sensurerte og publisert. Så eg som person, er svartelista.


– Kva vil du uttrykke gjennom dikta dine?

– Eg vil ikkje seie noko spesifikt til andre. Dikta mine omhandlar ulike tema og unngår å gi råd, preike, dømme eller liknande. For meg er litteratur ein stad for å skape skjønnheit i tillegg til det å bli eitt med publikummet. Forskjellige lesarar tolkar forskjellige meiningar inn i dikta mine.

– Eg kan ikkje nekte for at menneskelege problem og problem i verda, spesielt det som skjer i landet mitt og i Midtausten i dag, er viktig i poesien min. Eg vil ikkje skildre den vakre våren. Dikta fortel til dømes om ei jente som ville dra på ein stadion for å sjå favorittlaget spele, men sidan det er forbode for kvinner å gjere slikt, blir ho fengsla. Og så set ho fyr på seg sjølv framfor retten. Mine dikt viser fram denne smerta til lesaren, og vil minne oss på det vi rett og slett går forbi i våre moderne liv. Smerta vi gløymer av og til.

– Eg prøver å opne eit vindauge og ikkje vise lesaren utsikta, men berre opne det. Viss dei vil kan dei gå gjennom det og finne noko.



– Korleis vil du forklare den unge generasjonen i Iran?

– Den unge generasjonen i Iran er veldig protesterande, sinte og kritiske på grunn av diktaturet. Dei kjempar for enkle ting, som frigjering frå hijab, retten for kvinner til å skillast og til og med det å gå på stadion for å sjå på ein kamp. Når den mest grunnleggjande menneskeretten, fridom, blir tatt i frå oss, vil dei unge bli rasande og protestere. Våre foreldre hadde også dette raseriet og opprørstrongen, men dei uttrykte det gjennom den iranske revolusjonen, og gjennom krigen mellom Iran og Irak. Den unge generasjonen er under ekstremt press, og alle protestar er forsøk på å kvitte seg med det. Dei unge er moderne, og krev å vere på det same nivået som dei beste landa i verda.


Jonas E. Kvamsdal har vore praksistudent hos LitFestBergen

Del Innhald