Skip to the content
}

Bergen internasjonale essaykonkurranse

Publiseringsdato:

01.06.2020

I februar månad kvart år kjem det forfattarar frå heile verda for å delta på Bergen internasjonale litteraturfestival for sakprosa og skjønnlitteratur. Vi er på jakt etter ny, ung kvalitetslitteratur, og utlyser med dette Bergen internasjonale essaykonkurranse, open for alle under 30 år.

Tema: Min generasjon

Kva kjenneteiknar din generasjon? Skriv eit essay frå din ståstad. Kva oppmuntrar deg, kva gjer deg rasande?

Vi legg like stor vekt på litterær kvalitet og innhald. Vinnaren og tre andre som utmerkar seg vil bli offentleggjort på eit arrangement under Bergen internasjonale litteraturfestival 11.-14. februar 2021. 

  • Eitt bidrag per deltakar
  • Deltakaren må vere fødd i 1990 eller seinare
  • Essayet kan bli skriven på kva som helst språk, men ei omsetting til engelsk må bli lagt ved den originale teksten
  • Essayet kan ikkje vere meir enn 2000 ord i den engelske versjonen
  • Frist for innlevering er 1. oktober 2020

Vinnaren mottar 2500 euro.

Tre andre som utmerkar seg mottar 500 euro kvar.

Vinnaressayet og dei tre andre vil bli publisert både online og i trykt format. 

For å laste opp essayet, sjå under.

Viss du har spørsmål, skriv til info@litfestbergen.no

Juryen vil basere seg på den engelske versjonen.

Jury:

  • Alisa Ganieva (Russland), forfattar
  • Leila Guerriero (Argentina), forfattar og journalist
  • Sandra Lillebø (Noreg), forfattar og kritikar 
  • Daniel Medin (USA/Frankrike), redaktør og førsteamanuensis ved the American University of Paris
  • Jonny Steinberg (Sør-Afrika/Storbritannia), forfattar og professor ved the University of Oxford
  • Ece Temelkuran (Tyrkia), forfattar og aviskommentator

 

Juryen har rett til ikkje å kåre vinnarar.

  

Upload your entry

Del Innhald