Saudiarabisk stjernepoet til Bergen

Hissa Hilal frå Saudi-Arabia vekte forbløffelse og begeistring, men også raseri, då ho las sitt eige fatwa-dikt på direktesendt TV for 75 millionar sjåarar.
Ho blei den første kvinna til å nå finalen i Million´s Poet, ein Abu Dhabi-basert talentkonkurranse etter same form som Idol eller X-factor, men der det er komponering og framføring av tradisjonell arabisk poesi deltakarane tevlar i.
Særleg har eit av dikta frå Million´s poet, der Hilal kritiserer religiøs ekstremisme, gitt ho stjernestatus i Midtausten.
Evil fatwa
I have seen evil from the eyes of the subversive fatwas
in a time when what is lawful is confused with what is not lawful
When I unveil the truth, a monster appears from his hiding place
barbaric in thinking and action, angry and blind
wearing death as a dress and covering it with a belt
He speaks from an official, powerful platform
terrorizing people and preying on everyone seeking peace
the voice of courage ran away
and the truth is cornered and silent
when self-interest prevented one from speaking
- Hissa Hilal
Sidan ho entra verdscena i 2010 har Hissa Hilal gitt ut tre diktsamlingar: The Language of the Sand Heap, The Bedewed One og Enlightenment.
Hilal har også redigert ei samling dikt skrivne av beduinske kvinner, Divorce and Kholu' Poetry: A Reading of the Status of Women in Tribal Society and Nabati Poetry as a Witness, der dei eldste dikta er over to hundre år gamle.
Vi er svært glade for å kunne ønske Hissa Hilal velkommen til Bergen internasjonale litteraturfestival.
Les meir

Hissa Hilal
Med sin Nabati-poesi skapte Hissa Hilal (Saudi-Arabia) overskrifter over heile verda som den første kvinna til å nå finalen i TV-konkurransen Million's Poet.