Bli frivillig

Du får ny erfaring, gratis festivalpass og sjansen til å oppleve LitFestBergen frå innsida.
Som frivillig på festivalen bidreg du til å skape ei uforgløymeleg festivaloppleving for publikum, forfattarar og samarbeidspartnarar.
Vi treng driftige personar som vil gjere ein innsats under festivalveka. Vi har fleire spennande roller å velje mellom, som publikumsvert, gjestevert eller fotograf. Vi reknar tre arbeidsdagar (tre vakter på ca. 5 timar kvar) for alle frivillige.
Som takk for innsatsen får du:
- Gratis festivalpass
- Attest for fullført arbeid ved førespurnad
- Lett servering av mat og drikke i løpet av vakta
- Sosial samling før og etter festivalen
- 10% rabatt på bøker i Boksalongen
- Festival t-skjorte
Påmeldingsskjema for festivalen i 2023 finn du nedst i denne saka.
Våre grupper frivillige:
Publikumsvert
Er du i stand til å spre humør og energi? Vil du høyre på forfattarane medan du jobbar?
Som publikumsvert vil du ønske publikum velkommen ved inngangen, sjekke billettar, syne vegen til seta og ved spørsmål informere om fasilitetar og tidsplanen for programmet. Du vil hjelpe til med å førebu scena for arrangementet om nødvendig.
Gjestevert
Er du kommunikativ, fleirspråkleg, godt kjent i byen og trivast i vertskapsrolla?
Som gjestevert vil du møte gjestene på flyplassen, gi informasjon og syne dei til vidare transport inn til sentrum. Du vil også ta imot gjester i festivalresepsjonen på hotellet, dele ut akkrediteringar, formidle informasjon og svare på spørsmål.
Allrounder
Er du serviceinnstilt og trivast i hektiske omgivnadar? Er du ein skikkeleg allrounder som gjerne vil ta vakter av litt forskjellige slag gjennom festivalen?
Som ein del av allrounder-gruppa vil du hjelpe til overalt der frivillige er på jobb. Du vil assistere fleire lag gjennom ei vakt, erstatte ein annan frivillig ved behov, og elles hjelpe til når ei viktig oppgåve må gjerast raskt.
Festival-promo
Som del av denne gruppa vil du henge opp plakatar, skilt og liknande før festivalen. Du vil dele ut brosjyrer eller anna reklamemateriale. Denne jobben skjer for det meste før festivalen og ein kan fordele arbeidet på korte vakter.
Vi treng frivillige som kan distribuere katalogar i Oslo, og flygeblad i Trondheim, Stavanger, Kristiansand og Tromsø. Vi vil også distribuere flygeblada i København, Berlin London og Stockholm.
Festivalkontor
Er du organisert, serviceinnstilt, detaljorientert og flink med teknologi?
På festivalkontoret vil du ta imot publikum, forfattere og presse, og gje dei generell informasjon om festivalen og programmet. Du vil også selge billettar, eller hjelpe folk med å kjøpe billettar gjennom den digitale plattforma Linticket.
Fotografi
Dersom du har erfaring med foto, enten frå studiar eller arbeid, eller du berre elskar å ta bilder, og har eit godt auge for komposisjon, vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi leitar etter frivillige med evne til å fange atmosfæren på festivalen. Du må ha ditt eige kamera.